Fysisk sikring

Publisert: 10.06.2014

Fysisk sikring er eit grunnleggjande sikringstiltak som enklast kan forklarast som tiltak for å hindre uvedkomande fysisk tilgang til skjermingsverdig informasjon og aktivitet. Sikringstiltaka etablerer sikre område gjennom inngangskontroll og fysiske barrierar. Styrken i tiltaka varierer med verdivurderinga av det som skal sikrast. Eksempelvis betyr dette at kravet til sikring av informasjon graderte HEMMELIG er strengare enn for informasjon gradert BEGRENSET.

Tryggingslova regulerer fysiske sikringstiltak innafor følgjande område:

  • Inndeling av fysiske soner i kontrollert, verna og sperra område
  • Krav til sikring av dei ulike områda
  • Krav til oppbevaring for gradert informasjon
  • Krav til dører og låsar
  • Krav til vakthald, elektroniske sikringsmidlar 

Fysiske sikringstiltak er heilt grunnleggjande uavhengig av type trussel og verksemd. Saman med administrative og logiske sikringstiltak, og tiltak som har med personell å gjere, vil derfor fysisk sikring utgjere ein viktig pilar i tryggleiksarbeidet.

Aktuelle truslar spenner frå ulovleg inntrenging, spionasje og sabotasje til reine terrorhandlingar. Dette fordrar tiltak som alt frå kontrollrutinar og interne restriksjonar for adgang, via kamera, alarmanlegg og innbrotssikring til skadereduserande tiltak ved eksplosjonar. Sjølv om ulike truslar må møtast med forskjellige sikringstiltak er det likevel fellestrekk i dei ulike tiltakspakkane. Det kan seiast at dei fysiske sikringstiltaka i hovudsak tener tre formål: oppdaging, tidsforseinking og reaksjon. Dersom eitt sett av desse tiltaka ikkje er tilstades minkar effekten av dei andre dramatisk. Dersom eit innbrotsforsøk ikkje blir oppdaga eller framkallar motreaksjon speler det mindre rolle kor lang tid det tek å forsere ein barriere – forsøket vil lukkast. Det er også viktig å merkje seg at det ikkje finst sikringsmidlar som er heilt sikre. Det er ingen fysisk barriere som ikkje lèt seg forsere, ei heller låsar og alarmsystem som ikkje kan omgåast. Det er berre snakk om at ein motstandar har tilstrekkeleg tid, kunnskap og verktøy. Bruk av eitt sikringsmiddel aleine gir derfor sjeldan noko fullgod løysing. Ein bør derfor søkje å følgje prinsippet om sikring i djupna - ei kombinert løysing med moglegheiter for oppdaging og tidsseinkande barrierar i fleire ledd, samt eit reaksjonsapparat med reell evne til å stanse ein inntrengjar.

Veikskapar ved fysiske sikringstiltak bør ikkje nødvendigvis vere innbrotsstyrke i seg sjølv, men kan og vere manglande heilskap og etablerte formålstenlege rutinar. Førebyggjande sikringstiltak kan av den einskilde opplevast som hindringar i kvardagen - stengsler som er i vegen for å få jobben gjort raskt. Sikringstiltak som ikkje er formålstenleg og praktisk utforma kan resultere i at ein etter beste evne søkjer å omgå instruksar og rutinar. Det er derfor av stor verdi at den einskilde leiaren er seg dette medviten når sikringstiltak blir etablert og rutinar blir gjorde gjeldande. Det må også leggjast vekt på å oppnå intern aksept for tiltaka slik at terskelen blir høgare for å omgå tryggingsrutinar.

For vern av hemmelegstempla informasjon er instruksar og krav til fysiske sikringstiltak regulerte i forskrift om informasjonstryggleik kapittel 6 "Fysisk sikring mot ulovleg inntrenging". Til dette kapittelet er det utarbeidt ein rettleiar. For vern av tryggleiksklassifiserte objekt gjeld kapittel 5 om objekttryggleik i tryggingslova og forskrift om objekttryggleik.