av Roar Thon

I 2016 opna direktør i NSM – Kjetil Nilsen NSM sin tryggleikskonferanse med desse orda;

«Tryggleik kan verta ei næring som ikkje berre sikrar verdiar, men som skapar verdiar i Noreg i framtida om vi utnyttar høva. Tryggleik er etter mi oppfatning  ein mogelegheit til å drive forretning. For å lukkast med digitaliseringa og overgangen til eit hel-digitalt samfunn, må vi lukkast med tryggleiksarbeidet. Det er ein føresetnad for å lukkast i det digitale samfunn».

Det siste året har vi fått fleire viktige påminningar om kor viktig tryggleik er for den digitale utviklinga av samfunnet. Skal vi lukkast med å effektivisera, modernisera og digitalisera samfunnet er vi avhengige av at innbyggjarar, brukarar og kundar har tillit til at digitale løysingar er sikre og fungerer når dei treng dei. At løysingane er smarte og brukarvennlege betyr lite om dei ikkje er til å stola på døgnet rundt. God tryggleik er ein av grunnsteinane for å lukkast med digitalisering.

To skritt tilbake?

To veker før årets stortingsval vart det i forskrifts form vedteke at alle stemmesedlene våre skulle teljast manuelt. Årsaka var at det gjennom media var sådd tvil om den digitale løysinga som maskinelt skulle telja våre stemmesedler. I kva grad tvilen rundt dei digitale løysingane var reell eller ikkje, var ikkje viktig. Det var ikkje ønskeleg å koma i ein situasjon med potensielt sviktande tillit til det endelege valresultatet.

Heldigvis var det mogleg å ta to skritt tilbake og gjennomføra ei manuell teljing. Våre stemmesedler var, og er enno, analoge, fysiske dokument. Men teljinga kosta tid, pengar og ressursar.

Men kva om vi ikkje hadde vore i stand til å gå to skritt tilbake? Kva om vi hadde passert «the point of no return» Kva skjer når vi er så gjennomført digitale at vi korkje har kunnskapen eller høvet til å ta to skritt tilbake?

Når Vipps ikkje fungerer i nokon timar er ikkje dette samfunnskritisk, men det kan verta det på sikt, når og viss det ikkje finst andre alternativ. Men kvar gong tenesta ikkje fungerer opplevast det kritisk for mange.  T.d. idrettslaget som ikkje får gjennomført transaksjonane sine. Kundar har ikkje lenger 200 kroner i kontantar for å kjøpa kaffi og vaflar. På sikt gjer det noko med tillita til slike løysingar. Førebels eksisterer det alternativ. Kva når dei ikkje finst lenger?

I ei nyleg undersøking gjort av Yougov på vegne av Buypass forklarer fire av ti nordmenn at dei har avbrote kjøp i nettbutikkar fordi dei ikkje følar seg trygge på at tryggleiken er god nok.

Tillitsutfordringane er der allereie og vil auka dersom innbyggjarar og kundar opplever at løysingane dei blir tilbode ikkje er til å stola på.

Ikkje berre viktig for innbyggjarar og kundar

At tryggleik ikkje berre er viktig for kundane, men òg næringslivet er ikkje noko nytt. Allereie i 1996 skreiv dåverande konserndirektør Tormod Hermansen i Telenor følgjande;

«Dei viktigaste konkurranseparametrane vil vera nøye forbunden med pris, effektivitet, tryggleik og pålitelighet»

21 år seinare framstår forståinga og behovet for tryggleik endå klårare. På seminar om tryggleik i styrerommet no i november 2017, uttalte Konsernsjef i Telenor Noreg - Berit Svendsen at tryggleik er eit konkurransefortrinn og Telenor som selskap brukar stadig meir tid, pengar og ressursar på tryggleiksarbeidet.

Leiarar i offentleg og privat sektor må handtera desse utfordringane som heilskaplege samfunns- og forretningsmessige utfordringar og ikkje som einskildståande teknologiske spørsmål.

For å lukkast med digital transformasjon må vi ikkje berre la oss blenda av digitaliseringa sine positive sider. Vi må òg ha evne til å vurdera og handtera dei negative konsekvensane og sårbarhetene det fører med seg. På 70-talet hadde vi stortingdebatt om nordmenn skulle få fargefjernsyn eller ikkje. I 2017 treng vi kanskje ikkje politiske debattar om kvar og ei teknologisk nyvinning, men vi treng kloke vurderingar og beslutninger der òg negative samfunnskonsekvensar vert vurdert.

Viss vi ikkje greier å sikra oss på ein måte som skapar og opprettheld tillit til digitale løysingar, risikerer vi ein nedkjølingseffekt hos innbyggjarane. Det kan verta til hinder for vidare digital transformasjon.

Målet er ikkje tryggleik for kvar og ein pris, men tryggleik som understøtter evna til verdiskapning og som bidreg til at det finnes ein naudsynt grad av tillit til at løysingane vi brukar faktisk er til å stola på.

Først då bør vi passera the point of no return.