Er vi med, eller heng vi litt etter?

Publisert: 01.02.2016

Dette er London!

I førre veke deltok eg på SINET Global Cybersecurity Innovation Summit i London. 

Inntrykka var mange og som på alle slike arrangement, er det alltid noko som er sagt før. Men det kjem òg noko nytt, andre vinklingar eller synpunkt på felles utfordringar. Så òg i London, der deltakarane i all vesentleg grad var frå Storbritannia eller USA. Pluss nokon frå Noreg.

SINA er ein organisasjon som eg har skildra litt om tidlegare her på bloggen.

Den største sponsoren til organisasjonen er U.S. Department of Homeland Security. Organisasjonen har som hovudføremål å stimulere til auka innovasjon innan cyber security. For syns skuld bør eg kanskje nemne at eg sidan 2014 har sete i styringskomiteen for gjennomføringa av «SINET Showcase» som årleg vert halde i Washington D.C.

Men nok om SINET og attende til London.

Det første som slår meg etter 2 intensive dagar, er at britiske politikarar framstår som godt informert om dei digitale utfordringane som eksisterer. Mest av alt synast det som at dei er gode på å sjå høva som eksisterer for sine eigne føretak og dei framtidige mogelegheitane i ein global marknad som må ha gode tryggleiksløysingar hvis digitaliseringa skal løne seg. Dei seier rett ut at god digital tryggleik er ein føresetnad for den digitale økonomien. Dette verkar ikkje berre til å vere ord. Dei står fram med visjonære tankar og dei set av ressursar til å støtte eigne føretak og stimulere til innovative tryggleiksløysingar og produkt som skal gjere det mogleg å sikre digitaliseringa av samfunnet.

John Whittingdale, Secretary of State for Culture, Media and Sport, talte på konferansen og han sa blant anna:

“The UKs strong and growing digital economy is changing the way we live and work. As technologies continue to evolve there will be an increased demand for secure products and services...”

Denne bodskapen vart støtta av andre politikarar og industrileiarar som deltok i samtalar på scena under konferansen.

For å seie det slik eg ser det. Medan vi i Noreg snakkar om den nye digitale økonomien og brukar ressursar på auka innovasjon, så gjer britane akkurat det same. Men samstundes verkar dei å ha mykje fokus på vernet av innovasjon som vert skapt. Dei brukar økonomiske middel og andre ressursar for å skape tryggleik i takt med innovasjonen og som vern for den digitale økonomien. Det verkar som dei ser på tryggleik i produkt og løysingar som eit verdiskapande tiltak i seg sjølv. Som Whittingdale sa i talen sin - Tryggleik er ein grunnleggjande føresetnad for at vi skal lukkast med digitaliseringa og overgang til digital økonomi.

Ein anna røynsle frå London er korleis arrangøren i større grad fokuserte på samtalar i staden for foredrag. Det meste av informasjonen kom i form av samtalar, anten der hovudpersonen vart intervjua av ein annan, eller som ein styrd samtale mellom 4-5 personar.  Sjølv enkelte key-note foredrag vart gjennomførd på denne måten. Det er ein frigjerande måte å forhindre for mykje produktplassering og skryt. Fokus vert på fagleg innhald.

Det var til dømes frigjerande å høyre CEO i British Telecom – Gavin Patterson, snakke i fri dressur om tydinga av cybersecurity for eit selskap som BT. Ikkje berre som selskap, men i eit samfunnsperspektiv. Han var ikkje einaste CEO på scena som snakka med kunnskap og innleving om tryggleik.

Med fare for å fornærme nokon, kan eg berre minnast ein person på lignande CEO-nivå gjere det same i Noreg. Ho heiter Berit Svendsen og er administrerande direktør i Telenor Noreg.

Patterson tok òg for seg korleis fokus i styrerommet til konsernet hadde endra seg dei siste åra. Cybersecurity er blant dei tre topp fokusområda i styret – i kvart fall hos BT.

No var det ikkje berre CEO nivået som var på scena, òg CISO’eine (Chief Information Security Officer) og CTO’er (Chief Technology Officer) fekk plassen sin i rampelyset. Selskap som Google, Samsung og Vodaphone diskuterte tryggleik i mobile einingar. Selskap og organisasjonar som BT, Barclays, Citi, UK MoD og US Department of Energy med fleire, delte alle kunnskap og tankar om framtida. Og her er det interessant å leggje merke til at dei fleste prata mindre om dei reint teknologiske utfordringane, men meir om dei organisatoriske, prosessuelle og menneskelege faktorar når det gjeld tryggleik.

Når Charles Blauner - Managing Director, Global Head of Information Security for Citi – ein av dei største finansinstitusjonane i verda – vart spurd om kva som var den viktigaste oppgåva framover svarte han «Få alle i organisasjonen til å forstå at den enkelte sin åtferd bidreg til tryggleiksnivået i Citi». Då må eg innrømme at det nesten kom ei tåre i augekroken.

Som tilsett i «tryggleiksbransjen» skulle eg gjerne ha sett representantar frå ei rekkje sektorar i Noreg på plass for å lytte til det som vart sagt i London.  «Alle» snakkar om dei store samfunnsutfordringane- og endringane som er i ferd med å skje, men det er min subjektive oppfatning at vi hengjer litt etter når det gjeld forståinga av god tryggleik som ein garantist for å få eit resultat som gjev auka verdiskapning og løysingar som vi kan stole på.

Utklipp fra Volvo Norge

 

 

 

 

 

Når Volvo i ei norsk undersøking om selvkjørende bilar spør om du og eg er samd i at «Teknologien vil sørgje at for selvkjørende bilar køyrar sikrare enn menneske» så er eg samd i at teknologien kan køyre bil sikrare enn menneske.

Men Volvo stiller ikkje det som for meg er det viktigaste spørsmålet. Vil teknologien vere godt nok sikra mot menneske som ynskjer å skape usikkerhet?

I den norske jakta på dei innovative løysingane i framtida, arbeidsplassar og digital verdiskapning bør vi ikkje gløyme at tryggleik bør byggjast inn frå starten. Det er i kvart fall andre nasjonar som ser ut til å tenkje i dei banane. Dei verkar som dei ikkje berre tenkjer det. Dei investerer i det òg.

Den nasjonale ev

na vår til å få full effekt ut av investeringa i innovasjonsprosessar, ny teknologi og digitaliserte tenester er avhengig av tillit til  brukarane til at løysingane og teknologien er trygg, sikker, og at han fungerer når vi treng det.

Viss vi trur vi leier an berre fordi vi har eit «coolt» produkt, trur eg vi hengjer etter. Vi er først med når produktet er «coolt» og «sikkert».

Dette var London.

comments powered by Disqus